Unidos A/S var eit norsk aksjeselskap, tidlegare andelslaget Unidos A/L, som hadde ansvar for norsk klippfiskeksport til marknader i utlandet. Unidos blei oppretta som Unidos A/L i 1952 av De Norske Klippfiskeksportørers Landsforening. I 1987 gjennomgjekk Unidos A/L en fusjon, der flere andre foreininger og fond knytta til klippfisk- og saltfisknæringa blei innlemma i Unidos A/L. Mye av mandatet til Unidos ble fra tidlig 1990-tall faset ut grunnet ny fiskerilov i 1991. Fiskerinæringens Landsforbund, nå Sjømat Norge, overtok mye av funksjonen til Unidos som interesseorganisasjon for klippfiskeksportører i Norge. Unidos blei gjort om til aksjeselskap i 2003, og blei så avvikla i 2015.

Historie endre

 
Klippfiskproduksjon og -eksport er ei gammal norsk næring som starta på 1700-talet.

Etterkrigstid og reguleringer (1952-1968) endre

Unidos A/L blei skipa for å samle klippfiskeksportørane frå Noreg for å hindre fri konkurranse mellom dei i møte med sentraliserte marknader. Marknader i til dømes Portugal kunne enten vere regulert til felles inmport, eller det kunne vere ein stor aktør på importmarknaden som i realiteten kontrollerte all import. Viss ikkje eksportørane eksporterte samla, kunne importøren spele eksportørane ut mot kvarandre for å presse prisen ned.

Ein kunne ikkje kjøpe andel i Unidos utan å ha godkjent medlemsskap i De Norske Klippfiskeksportørers Landsforening. Når ein hadde kjøpt andel fekk ein utdelt kvoter ut i frå mengden ein kunne eksportere, både til frie og sentraliserte marknader. Det var jevnlege juridiske kontrollar av medlemmane av DNKL for å kontrollere om dei fylte krava frå DNKL.

I 1953 blei Klippfisknæringens Reklamefond skipa av DNKL, og fondet skulle seinare bli ein del av Unidos (1968). Målet med fondet var å utforme og sette i verk norsk klippfiskreklame til tulandet på vegne av alle eksportørane. Dei samarbeidde med Norsk Eksportråd, og fekk sine midler frå ei avgift pr. kilo eksportert klippfisk. Fram til 1968 hadde DNKL, Unidos og Reklamefondet kontorer i Kristiansund.

Liberalisering og flytting til Sunnmøre (1968-1991) endre

Ettersom tyngdepunktet til klippfisknæringa i Møre og Romsdal flytta seg til Sunnmøre, førte dette til at Unidos og Rekalmefondet såg meining i å flytte kontor til Ålesund. Dette skjedde i 1967/68, og fram til midten av 1970-talet heldt dei til i Keiser Wilhelmsgate. Så flytta dei kontoret til Røysegata 15, der dei heldt til fram til nedlegginga i 2015.

Kjelder endre