Universell utforming

Universell utforming vil seia å planleggja omgjevnader, produkt, institusjonar og tenester slik at dei kan brukast av så mange menneske som mogeleg. Føremålet kan vera å oppnå like mogelegheiter til samfunnsdeltaking og betra tilgjenget for menneske med nedsett funksjonsevne.

Døme på eit nytt universelt utforma inngangsparti på eit eksisterande hus. (Infohuset, NTNU)

Universell utforming kan til dømes vera trinnfri tilkomst til transportmiddel og bygningar, personleg service som eit tillegg til sjølvbetening eller teksting av filmar. Universell utforming skil seg frå tilgjenge ved at den ikkje krev spesialløysningar for enkeltgrupper, som til dømes separat inngang for rullestolar. I ei universelt utforma løysning er det hovudløysninga som skal vera brukbar for alle.

Kjelder endre