Universitetet i Witwatersrand
Universitetet i Witwatersrand (engelsk: University of the Witwatersrand), forkorta Wits er eit universitet i byen Johannesburg i Sør-Afrika. Det har bakgrunn frå gruveverksemda og eit historisk fokus på teknologiske fag.
Universitetet i Witwatersrand | |||
| |||
Motto | Scientia et Labore | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1896, 1922 | ||
Type | Offentleg universitet | ||
Stad | Johannesburg | ||
Tilsette | 4 712 | ||
Medlemskap | ORCID, arXiv | ||
Nettstad | https://www.wits.ac.za/ | ||
Universitetet i Witwatersrand 26°11′27″S 28°01′49″E / 26.190833333333°S 28.030277777778°E |
Grunnlegginga skjedde som ein gruveskole i Kimberley – South African School of Mines – i 1896. Universitetsstatusen og dagens namn vart tildelt i 1922. Studenter og lærarar ved Wits har vore nokre av dei mest sentrale motstandarane av apartheid. Skulen har òg leia dei arkeologiske utgravingane av tidlege hominine fossil frå Sterkfontein og Swartkrans.
Wits består av fem fakultet:
- Faculty of Commerce, Law, and Management
- Faculty of Engineering and Built Environment
- Faculty of Health Sciences
- Faculty of Humanities
- Faculty of Science
Blant tidlegare studentar finn vi nobelprisvinnarane Aaron Klug (1982 kjemi), Nadine Gordimer (1991 litteratur), Nelson Mandela (1993 fred), Sydney Brenner (2002 medisin).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Universitetet i Witwatersrand» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2013.