Universitetsbiblioteket i Bergen

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) vart offisielt oppretta i 1948, men er ei vidareføring av Bergen Museum sitt bibliotek, som vart grunnlagt samstundes med sjølve museet av stiftsamtmann Wilhelm Frimann Koren Christie i 1825. Universitetsbiblioteket er eit offentleg vitskapleg bibliotek. Biblioteket er ein del av det totale faglege og pedagogiske tilbodet ved Universitetet i Bergen.

Universitetsbiblioteket si avdeling for samfunnsvitskap og humaniora på Nygårdshøyden.

Bibliotek sine samlingar bestod i 2008 av ca. 1,78 millionar bind, bøker og tidsskrift, ca. 240 000 bilete, vel 600 manuskript og diplom, ca. 42 800 kartblad og atlas, 110 600 mikroformer, 6850 elektroniske dokument, og ca. 6400 musikkinnspelingar. UB har 16 620 tidsskriftsabonnement, av dei 13 070 i elektronisk form.

Biblioteket har seks avdelingar:

  • Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora
  • Bibliotek for juridiske fag
  • Bibliotek for psykologi, utdanning og helse
  • Bibliotek for realfag
  • Bibliotek for medisinsk og odontologiske fag
  • Avdeling for spesialsamlingar

Bakgrunnsstoff

endre