University of Calgary

University of Calgary er eit offentleg universitet i Calgary i delstaten Alberta i Canada. Det blei skipa i 1966, og var opphavleg ei avdeling under University of Alberta. Universitetet har 16 fakultet og 36 forskingsinstitutt.

University of Calgary

MottoI will lift up my eyes
Grunnlagt1966
StadCalgary
Studentar33 000 (juli 2020)
MedlemskapAssociation of Research Libraries, ORCID, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://www.ucalgary.ca/ (engelsk)
Kart
University of Calgary
51°04′39″N 114°07′59″W / 51.0775°N 114.13305555556°W / 51.0775; -114.13305555556

Spesialområdet for forsking og undervising er ingeniørfag, naturvitskap og geovitskapar, mellom anna petroleumsfag. Inntakskrava for å studer desse er høge. Universitetet har òg gitt studium i jus og veterinærmedisin.

Ved universitetet var det 29 500 studentar og 5 360 vitskapleg tilsette i 2008, og om lag 10–20 % av desse studerer på deltid. Ein kan studera opp til doktorgradsnivå.

Referansar

endre