Opna hovudmenyen

University of Colorado Boulder (ofte omtalt som CU-Boulder, CU, Boulder eller Colorado) er eit offentleg forskingsuniversitet i Boulder i Colorado i USA. Det er eit flaggskipuniversitet for University of Colorado-systemet og vart grunnlagd fem månader før Colorado vart lagt til i unionen i 1876. I følgje The Public Ivies: America's Flagship Public Universities (2001), vert det rekna som eit av dei tretti «Public Ivy League»-skulane.

University of Colorado Boulder
Old Main - Colorado.jpg
MottoLa lyset ditt skine
TypeOffentleg universitet
RektorDr. Phil DiStefano
StadBoulder i Colorado i USA
Studentar31 702 (hausten 2013)[1]
Tilsette1075 [2]

I 2010 bestod universitetet av ni college og skular og har kring 30 000 studentar.[2] Elleve nobelprisvinnarar, ni MacArthur Fellows og 18 astronautar har gått på CU-Boulder som studentar, eller vore forskarar eller tilsette.

KjelderEndra

  1. http://www.colorado.edu/pba/cds/
  2. 2,0 2,1 «At A Glance». University of Colorado Boulder. Henta 2. januar 2014. 

BakgrunnsstoffEndra