University of Maine
University of Maine er eit delstatseigd universitet oppretta i Farmington, men med flaggskipcampus i Orono i delstaten Maine i USA. Det vart oppretta i 1863 som Maine College of Agriculture and the Mechanic Arts, under Morrill Act. Universitetssystemet har seks lærestader. Fagretningar innan landbruk- skogbruk og fiskeri er framleis dei viktigaste faglege fokusområda.
University of Maine | |||
| |||
Grunnlagt | 1865 | ||
---|---|---|---|
Type | delstateigd | ||
Studentar | 11 741 (september 2020), 9 927 (1. september 2021) | ||
Tilsette | 720 | ||
Nettstad | https://umaine.edu/ (engelsk) | ||
University of Maine 44°53′58″N 68°40′05″W / 44.89944444°N 68.66805556°W |
Lærestadane i universitetssystemet er:
- University of Maine at Farmington (1863) – 2 424 studentar
- University of Maine at Orono (1865) – 11 435 studentar
- University of Maine at Fort Kent (1878) – 1 076 studentar
- University of Maine at Presque Isle (1903) – 1 548 studentar
- University of Maine at Machias (1909) – 1 259 studentar
- University of Maine at Augusta (1965) – 5 257 studentar
Ved universitetet var det 22 999 studentar og 1 583 vitskaplege tilsette i 2006, og same året var skulepengane i snitt ca. US$ 5 500 for studentar folkeregistrert i Maine. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå ved campusen i Orono.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «University of Maine» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2013.