University of Minnesota
University of Minnesota er eit offentleg (delstateigd) universitet i Minnesota i USA. Det har fire avdelingar, og vart grunnlagt i 1851 som den første lærestaden i delstaten. Morrill Act gav delfinansiering til lærestaden etter borgarkrigen. Det tilhøyrer den eksklusive gruppa av åtte offentlege kvalitetsuniversitet i USA – Public Ivy.
University of Minnesota | |
![]() | |
![]() | |
Grunnlagt | 1851 |
---|---|
Type | delstateigd |
Stad | Minneapolis, Minnesota |
Studentar | 65 500 |
Tilsette | 3 100 |
Nettstad | www.dayton.edu |
Lærestadane og dei viktigaste skulane er:
- University of Minnesota, Minneapolis (1851) – 50 402 studentar
- University of Minnesota Law School
- Medical School
- Carlson School of Management
- School of Public Health
- Hubert H. Humphrey Institute of Public Affairs
- Univ of Minnesota, Duluth (1947) – 11 090 studentar
- Univ of Minnesota, Morris (1959) – 1 740 studentar
- Univ of Minnesota, Croockston (1966) – 2 414 studentar
Campusen i Saint Paul har bakgrunn frå Duluth Mormal School (1895) og er fokusert på landbruksfag og farmasi. Minnesota-campusen har eit breitt studietilbod.
Morris-campusen har røter i ein katolsk skule for indianarar.
Med sine over 65 500 studentar (2006) er University of Minnesota det fjerde største universitetet i USA. Det har 3 100 tilsette, og i studieåret 2006-07 var skulepengane USD 9 200 for studentar folkeregistrert i Minnesota.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «University of Minnesota» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2013.