University of Nebraska–Lincoln

University of Nebraska–Lincoln (ofte berre kalla Nebraska, UNL eller NU) er eit offentleg forskingsuniversitet som ligg i Lincoln i Nebraska i USA.[1] Det er det eldste og største universitetet i delstaten og eit flaggskipuniversitet.

University of Nebraska–Lincoln


MottoLiteris Dedicata et Omnibus Artibus
Grunnlagt1869
TypeFlaggskip
Offentleg
Land grant
StadLincoln i Nebraska
Studentar25 108 (september 2020), 43 014 (1. september 2021)
Tilsette6 432 (september 2020)
MedlemskapDigital Library Federation, Association of Research Libraries, Center for Research Libraries
Nettstadhttp://www.unl.edu/ (engelsk)
Kart
University of Nebraska–Lincoln
40°49′03″N 96°42′05″W / 40.8175°N 96.701388888889°W / 40.8175; -96.701388888889

Universitetet vart grunnlagd i 1869 som eit land-grant-universitet, to år etter at Nebraska vart ein delstat i USA. Kring 1900 vart universitetet utvida kraftig. Nebraskametoden for økologiske studiar utvikla seg her på denne tida, noko som var eit pionerarbeid innan økologi i slettelandskap og la grunnlaget for forsking på teoretisk økologi for resten av 1900-talet.[2][3] Universitetet er delt inn i åtte college, fordelt på to campusar i Lincoln med over 100 skulebygg og forskingsanlegg.[4]

Idrettsprogrammet, kalla Cornhuskers, er medlem av Big Ten Conference. Nebraska sitt lag i amerikansk fotball har vunne i alt 46 ligatitlar og sidan 1970 vorte nasjonale meistrar fem gonger.[5] Laget spelar på Memorial Stadium med ein kapasitet på kring 85 000 menneske, noko som er meir enn den tredje største byen i Nebraska, Bellevue.[6][7]

Kjelder

endre
  1. «Carnegie Classifications – University of Nebraska». Carnegie Foundation for the Advancement of Teaching. Henta September 6, 2010. 
  2. Vandervoort, Frances (1999). «A Green Centennial». The American Biology Teacher (University of California) 61 (9): 648–659. JSTOR 4450796. 
  3. Merchant, Carolyn (2005). «Chapter 9: The Rise of Ecology 1890–1990». The Columbia Guide to American Environmental History. Manhattan, NY: Columbia University Press. s. 163–164. ISBN 978-0-231-11233-8. Henta September 9, 2010.  C1 control character in |pages= at position 5 (hjelp)
  4. «UNL Historic Buildings – Historical Overview». Lincoln, NE: University of Nebraska–Lincoln. 2005. Henta September 5, 2010. 
  5. «Nebraska volleyball history». NU Athletics. Henta September 5, 2010. 
  6. «Husker Football History» (PDF). Huskers.com. Henta September 5, 2010. 
  7. «Memorial Stadium – Home of the Huskers». Huskers.com. 2010. Henta September 5, 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre