Unni Marie Anisdahl (fødd 27. september 1947) er ein norsk tidlegare handballspelar og sportsjournalist frå Harstad.

Unni Anisdahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1947 (76 år)
Idrett handball

Etter eit år som friidrettsutøvar for IF Sturla, melde Anisdahl seg i 1967 inn i handballaget Vestar frå Oslo. Med Vestar vann ho ei rad seriemeisterskap, det siste i 1977, og ho var med på fleire triumfar i NM-cupen. Åra 1971-77 spelte ho 72 landskampar som linjespelar og skåra 58 mål. Ho deltok i alle tre verdsmeisterskapane i perioden.

Anisdahl arbeidde som journalist i Norsk Rikskringkasting, stasjonert mange år i NRK Sørlandet og seinare i sportsredaksjonen i Oslo.

Kjelder

endre