Untersberg er eit fjellmassiv i Alpane mellom Berchtesgaden i Tyskland og Salzburg i Austerrike.

Untersberg
fjell
Untersberg frå Salzburg
Land  Tyskland,  Austerrike
Fjellkjede Alpane
Høgd 1 972 moh.
Koordinatar 47°42′0″N 12°59′0″E
Førstestiging 1100-talet
Kart
Untersberg
47°42′0″ N 12°58′0″ E
Wikimedia Commons: Untersberg

Fjellet er eit svært populært turistmål, sidan det ligg nær byen Salzburg, som ligg om lag 15 km nord for fjellet. Det går fleire stiar til topps, men dei fleste brukar kabelvogna som tar passasjerane over 1 300 m til Geiereck-toppen.

Den første ein veit som var på toppen var munken Eberwein på første halvdel av 1100-talet. Han høyrte til eit augustinsk kloster ved Berchtesgaden.

I 1829 skreiv Johann Nepomuk (1783-1865), Baron av Poissl, ein opera kalla opp etter fjellet, Der Unterberg.

Toppar endre

  • Berchtesgadener Hochthron: 1 972 m
  • Rauheck: 1 892 m
  • Gamsalpkopf: 1 888 m
  • Salzburger Hochthron: 1 853 m
  • Mitterberg: 1 840 m
  • Geiereck: 1 805 m

Kabelvogn endre

Det går ei kabelvogn frå St. Leonard-stasjon i landsbyen Gartenau til stasjonen ved Geiereck-toppen. Banen opna i april 1961, og turen på åtte og eit halvt minutt tar passasjerane frå 486 m og opp til ei høgd på 1 776 m.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre