Urterfjorden er ein fjord ytst i havgapet rett vest for Karmøy og Haugesund. Fjorden ligg mellom øygruppene Urter i sør og Røvær i nord. Fjorden strekker seg 6 km innover mot øya Bjørkevær. Mellom Bjørkevær og Kvaløya ved Føyno held Kvaløyfjorden fram vidare austove mot fastlandet. Røværsfjorden ligg på austsida av Røvær.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.