Koordinatar: 11°33′16″S 73°8′54.9″W Urubamba (spansk Rio Urumamba) er ei elv i Peru. Dette er ei delvis farbar elv som gjev vasstilførsel til Amazonaselva. Ho har kjelde i Khunurana i Andesfjella søraust for Cuzco nær grensa mot Puno-regionen.

Urubamba
Willkamayu / Willkanuta
elv
Rio Urubamba 2.JPG
Land Flag of Peru.svg Peru
Lengd 724 km

Urubamba
11°33′16″ S 73°8′55″ W
Wikimedia Commons: Urubamba River

Øvre delen vert kalla Vilcanota. I inkaene sin heilage dal, mellom Pisaq og Ollantaytambo, vert ho også kalla Wilcamayu (heilag elv). Ho flyt nord-nordvest i ca. 725 kilometer før ho dannar Ucayali saman med elva Tambo, forlenginga av Apurímac.

John Walter Gregory, ein britisk geolog, drunka i elva den 2. juni 1932 på ein geologisk ekspedisjon i Andes.

GalleriEndra

KjelderEndra