Urubamba
(Omdirigert frå Urubambaelva)
11°33′16″S 73°8′54.9″W / 11.55444°S 73.148583°W Urubamba (spansk Rio Urumamba) er ei elv i Peru. Dette er ei delvis farbar elv som gjev vasstilførsel til Amazonaselva. Ho har kjelde i Khunurana i Andesfjella søraust for Cuzco nær grensa mot Puno-regionen.
Urubamba | |||
Willkamayu / Willkanuta | |||
elv | |||
Land | Peru | ||
---|---|---|---|
Lengd | 724 km | ||
Urubamba 11°33′16″S 73°08′55″W / 11.554444444444°S 73.148583333333°W | |||
Wikimedia Commons: Urubamba River |
Øvre delen vert kalla Vilcanota. I inkaene sin heilage dal, mellom Pisaq og Ollantaytambo, vert ho også kalla Wilcamayu (heilag elv). Ho flyt nord-nordvest i ca. 725 kilometer før ho dannar Ucayali saman med elva Tambo, forlenginga av Apurímac.
John Walter Gregory, ein britisk geolog, drunka i elva den 2. juni 1932 på ein geologisk ekspedisjon i Andes.
Galleri
endre-
Starten på inkastien til Machu Picchu nær landsbyen Quriwayrachina ved brua som kryssa Willkanuta
-
Willkanuta i Den heilage dalen nær Taray
-
Willkanuta sett frå toget til Machu-Picchu
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Urubamba River» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: