Utah er ein delstat i Sambandsstatane som har Salt Lake City som hovudstad. Delstaten ligg vest i landet og grensar mot Idaho i nord, Wyoming i nordaust, Colorado i aust, New Mexico i søraust, Arizona i sør og mot Nevada i vest. Landskapet er steinete og sett saman av tre ulike geologiske område: Rocky Mountains, Great Basin og Colorado-platået. Namnet «Utah» er eit ute-indiansk ord som betyr 'folket frå fjella'.

Utah
delstat
Flagg
Våpen
Land Flag of the United States.svg USA
Del av det kontinentale USA
Hovudstad Salt Lake City
Areal 219 887 km²
 - land 212 751 km²
 - vatn 7 136 km²
Folketal 3 101 833 (2017)
Folketettleik 15 / km²
Guvernør Gary Herbert (R)
Før innlemming Utahterritoriet
Innlemma i USA 4. januar 1896
Statsnummer 45.
Forkorting UT
Map
Utah
39°30′ N 111°30′ W
Utah in United States.svg
Wikimedia Commons: Utah
Nettstad: utah.gov

Utah er kjend for å ha mange mormonarar som innbyggjarar, og mykje av den moderne delstatshistorien er knytt til det religiøse samfunnet Siste dagars heilage.

Spire Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.