Utskarpen

fjord i Rana i Nordland
Utskarpen

Utskarpen er ein fjordarm på nordsida av Ranfjorden i Rana kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordaustover til bygda Utskarpen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Børrestøllia i vest og Kvitneset i aust. Det ligg fleire grender langs begge fjordsidene innover i fjorden. På vestsida finn ein Buvika, Åenget og Dalosen, og på austsida ligg Brattland og Storstranda.

Riksveg 12 går langs nordsida av fjorden.