Uttian
63°46′0″N 8°52′0″E / 63.76667°N 8.86667°E Uttian er ei øy i Frøya kommune i Trøndelag. Folketalet er om lag 150. Øya har samband til fast-Frøya med Fv451 og Uttibrua som vart opna i 1974. Brua kom som ei følgje av mange års fråflytting og heile øya var truga av avfolking. Etter bruopninga opplevde øya ny innflytting og næringsutvikling, mellom anna innanfor fiskeoppdrett, sjølv om øya mista skulen, postkontoret og daglegvareforretninga.
Bakgrunnsstoff
endre- Miljølære.noDenne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.