Uynarey
Uynarey er ei øy i Shetlandsøyane i Yell Sound, like nord for Bigga og aust for Brother Island. Ho er eit fuglereservat.[1]
Namnet har norrønt opphav og tyder 'ærerik øy'. Dette kan syne til at ho har hatt samband med irske munkar.
Geografi
endreDet ligg ei lita vik på austsida av øya, Haa Geo, og ei grotte i vest. Nordenden vert kalla the Niv. Øya er om lag 800 meter lang.
Berggrunnen består av gneis og kvartsitt. Øya har bratte sider og er kring 30 meter høg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Uynarey» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.