Uzana (Узана) er ein feriestad i Bulgaria. Han ligg ved foten av Ispolin, 1420 moh., nær Bulgarka naturpark i Balkanfjella.[1] Staden omfattar store enger omgjevne av skog. Høgda varierer frå 1220 til 1350 m. Den næraste større byen er Gabrovo, kring 22 km unna. Uzana har kring 15 hotell, og har høve for turistar heile året.

Uzana
stad
Land  Bulgaria
Provins Gabrovo
Del av 100 Tourist Sites of Bulgaria
Kart
Uzana
42°45′30″N 25°14′14″E / 42.7583°N 25.2372°E / 42.7583; 25.2372
Wikimedia Commons: Uzana

Området rundt Uzana er eigna for å utforska grotter, gå på ski[1] og klatra i fjell. Ein kan også driva kulturturisme i regionen. I det etnografiske museet Etara i nærleiken kan folk læra meir om bulgarsk handverk. Sokolski-klosteret ligg nokre få kilometer unna Uzana.[1]

Turismen i Uzana-regionen tok til i 1937, då den fyrste hytta, som òg heiter Uzana, blei bygd på sørsida av enga.

Uzana huser sjeldne blomsterartar som er inkludert i raudlista av truga artar.[1]

Det er utgangspunktet til mange fjellruter og toppane Sjipka og Buzludzja.[1]

Geografisk sentrum

endre

Uzana er òg rekna som det geografiske sentrumet til Bulgaria.[2] Punktet som markerer det geografiske sentrumet blei opna i desember 1991 av den dåverande bulgarske presidenten dr. Zjelio Zjelev.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Ski in Uzana». Henta 8 November 2014. 
  2. Kay, Annie (2008). Bulgaria. Bradt Travel Guides. s. 157. ISBN 9781841621555. Henta 8 November 2014. 
  3. «The Geographic centre of Bulgaria | Visit Gabrovo ENG». new.gabrovo.bg. Arkivert frå originalen 20. september 2017.