VID vitenskapelige høgskole

høgskule i Noreg

VID vitenskapelige høgskole er ein norsk vitskapleg høgskule med hovudsete på Frøen i Oslo (studiestad Diakonhjemmet, samlokalisert med søsterverksemda Diakonhjemmet sykehus) og andre studiestader i Bergen, Stavanger og Tromsø, som driv forsking og tilbyr studiar på alle nivå opp til doktorgrad innan helse- og sosialfag, teologi, diakoni, samfunnsvitskap, pedagogikk og leiing. VID har rundt 50 studieprogram. Sjukepleiarutdanning er det største studieprogrammet og den tradisjonelle kjerneverksemda, og høgskulen tilbyr også ei rekkje mastergrader innan t.d. klinisk sjukepleie, sosialt arbeid og barnevern. Høgskulen tilbyr også studium i andre helseprofesjonar og profesjonsstudiet i teologi (cand.theol.).[1]

VID vitenskapelige høgskole

Grunnlagt1. januar 2016
Typevitskapleg høgskule
StadOslo kommune
Studentar6 000
Tilsette677 (ukjend)
Nettstadhttps://vid.no (norsk)

VID er eit dotterselskap av stiftinga Diakonhjemmet, ein sjølvstendig og ideell diakonal institusjon innanfor Den norske kyrkja. VID vart etablert i 2016 gjennom ei samanslåing av Diakonhjemmet Høgskole med fleire mindre høgskular, med historie som går attende til 1843.[2] Studiestad Diakonhjemmet, som er hovudsetet til VID og største studiestad, ligg på Frøen i Oslo ved sida av søsterverksemda Diakonhjemmet sykehus som også er eigd av Diakonhjemmet. VID hadde per 2022 kring 6 000 studentar og nesten 700 tilsette. VID er ein av tre private vitskaplege høgskular i Noreg, ved sida av BI og MF.

Kjelder endre

  1. Om oss
  2. «Historie», VID vitenskapelige høgskole (på norsk), henta 3. februar 2023 

Bakgrunnsstoff endre