VRT 1

belgisk tv-kanal

VRT 1 er ein nederlandskspråkleg fjernsynskanal i Belgia. Han er hovudkanalen til den flamske allmennkringkastaren Vlaamse Radio- en Televisieomroeporganisatie (VRT), og vart skipa i 1953. Kanalen har tidlegare heitt NIR TV, BRT, BRT1, TV1 og Eén.

VRT 1

Lansert1953
LandBelgia
Språkbelgisk nederlandsk
HovudkontorSchaerbeek
Nettstadhttp://www.een.be/

Bakgrunn

endre

Fram til 2005 heitte kanalen TV1, da kanalen bytta namn til Eén. I 2023 vart namnet endra til VRT 1.[1]

I 2016 hadde han ein markedsandel på 32,6 prosent i den flamske tv-marknaden, og var den største tv-kanalen i Flandern.[2]

Kjelder

endre
  1. «Belgium’s Eén rebrands as VRT 1». Broadband TV News (på engelsk). 3. mai 2023. Henta 6. mai 2023. 
  2. «CIM TV Marktaandelen 2016» (PDF). CIM. 2017. Henta 26. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre