Vaagland Båtbyggeri

Vaagland Båtbyggeri er eit båtbyggeri på Vågland i Halsa kommuneNordmøre. Båtbyggeriet er den største industriverksemda i kommunen, med mellom 40 og 50 tilsette.

Soga endre

 
MS «Nybakk», bygd på Vaagland Båtbyggeri i 1961.
 
Ferja «Oster», bygd på Vaagland Båtbyggeri i 1971. Etter siste eigarbyte i 2003 har ho vore kalla «Reet».

Sommaren 1924 var Einar Vaagland slåttakar på garden Gjerstad i Halsa. Nest eldste sonen på garden, Martinus Gjerstad, hadde vore borte på skule, men var no heimkomen, og han kom på at han ville byggje seg ein båt. Han hadde fått mal hos søskenborna sine på Bårdset, for dei hadde bygt seg fleire tverrskottingar sjølve.

Martinus heldt til med denne båtbygginga si bortpå skottlemmen. Einar slo lag med Martinus, og det vart Einar som kom til å stå for båtbygginga. Mal trongtest ikkje, for Einar hadde slik innsikt at han visste korleis alt skulle gjerast, enda han aldri hadde bygt båtar før.

I kvar middagskvile strauk desse tokarane bortpå skottlemmen, og her vart det øksing, saging og hamring så det sto på eit dunder, og det vart lite fred å få for dei som ville sova middag. Dei øksa til stamn og krokar, og båten vaks for kvar middagskvile. Om ikkje så lenge var båten ferdig, men dei fekk han ikkje ned gjennom skottlemluka. Derfor måtte dei riva av bordkleding og fekk ut båten gjennom veggen og fira han ned med taug. Båten vart sjøsett, og han var heilt tett.

Det hadde forresten vore bygt mange båtar på Gjerstad før, og desse var bygd under konnløa. Det var Ola Sakså som var der og bygde båtar, og Tore Gjerstad heldt materialene, for Tore sette seg opp sag i 1894. Ola Sakså bygde båtar som dei kalla søfjordingar, det var ekstra gode sjøbåtar. Ein motorbåt vart også bygd på Gjerstad.

Tore Gjerstad såg at Einar Pedersen Vaagland hadde eit ekstra godt handlag til båtbygging. Tore kjente til ein båtbyggar i Tresfjorden i Romsdal, Lars Brastad, og Einar fekk koma dit i lære. Han lånte seg 30 kr. av ein gammal skreddar, og drog til Tresfjorden.

Da han kom heim att, tok han til å byggje båtar på naustsvala heime i Våglandsbakken, sjølv sa han at han låg og rulla i vorrsteinane nedmed nausta. Ein kan rekna 1927 som start for båtbygginga i Våglandsbakken.

Kameratskapet med Martinus Gjerstad hadde halde seg oppigjennom åra, og Martinus laga til eit elektrisitetsverk til båtbygginga. Det var ein motor som stod og daska, som det vart lys av.

Det var mest småbåtar Einar bygde første åra. I tida kring 1930 var salsprisen for ein færingsbåt 80 kr., i 1942 var prisen komen opp i 300 kr. Etter nokre år vart det meir spurnad etter større båtar, og verkstaden måtte utvidast. I 1942 bygde så Einar P. Vaagland hus til båtbygginga på eiga tomt på 2 mål. Ei større utviding kom i 1951. Året før hadde verksemda fått elektrisk kraft, og det vart no bygd lagerhus, kai, heisekran, skinnegangar for transport og anna.

No utetter i 1950-åra vart det bygd båtar opp til 100 fot, og prisen på ein slik båt kom på 300.000 kr utan maskin. Det var no om lag 15 mann i arbeid med båtbygginga. Året 1961 vart eit lite merkeår for båtbyggeriet med di den første jarnbåten vart bygd der da.

I byrjinga hadde Vaagland Båtbyggeri ikkje sag, så tømret dei kjøpte, vart flåta inn til Sagan og skore der. Plankane vart så flåta attende til Våglandsbakken og bore opp på land med handmakt og lagt til tørk.

Det var frå Gjerstad dei kjøpte rundtømmer, der var den finaste "tollå" til materialar. Dei øksa til mykje med handmakt, kjølen, spanta og alt i hop. På Indre-Vågland fanst dei finaste mastetrea, og elles kjøpte dei fint og høveleg tømmer både i Fjervika og Glåmen.

Seinare kjøpte dei plank i Todalen. Den måtte fløtast utover, og det tok vel eit døgn på turen til Våglandsbakken.

Det var berre ein vinter at sjøisen hemma båtbygginga i Våglandsbakken. Da fekk dei ikkje tømret inn . Det vart stans i arbeidet den vinteren.

Den første jarnbåten vart bygd i år 1961 og levert i år 1962.

I 1967 vart båtbyggeriet flytta til Kuneset, og sidan har ikkje fjordisen vore til hinder for drifta.

Einar P. Vaagland vart sjuk og døydde i 1963, og dei to brørne hans tok da over styringa. Broren Henrik hadde gått arbeidsskulen i Molde og hadde arbeidd på fleire verkstader kringom før han kom til Vaagland båtbyggeri, så han var vel budd til å ta over ansvaret for båtbygginga etter broren.

I dag er det over 40 mann i arbeid på båtbyggeriet. Tilhøva på arbeidsplassen er gode, og dei som arbeider der, likar seg godt. Gjennom desse mange åra har verksemda arbeidd seg opp til å bli en solid og trygg arbeidsplass for mange på Vågland i Halsa kommune på Nordmøre.