Valdresspringar
Valdresspringaren er ein type springar som høyrer heime i Valdres, der han også vert halden ved like. Tidvis har dansen vore rekna som ein av dei gjævaste springartypane, og har vore svært populær i seinare år.
Utføring
endreEin utfører dansen på tosvikt, med tyngdepunktet på første slaget i takta. Danseparet slepper kvarandre heller lite gjennom dansen, som har fast danseretning. Kvar runde toppar dei med ein rundsnu, men før dette er det ei rekkje turar, som dei hektar i hop etter ønske. Guten fører jenta skiftevis med båe hender.
Turar i dansen
endre- Skjeftestaket gjer dei ved at guten går baklengs under armen på jenta og så fører ho framfor seg.
- Store sveipen tek oftast utgangspunkt i at guten har jenta på motsett hand av den opphavlege. Han svingar seg kring sin eigen arm, og i løpet av denne turen byter han hand, og svingar jenta med den rette handa. Ulike slag sveipar kan òg utførast utan handskifte (med båe hender).
- Rundsnuen byrjar med at guten legg armen kring aksla på jenta, og svingar seg inn i eit samdanstak. Sjølve snuen byrjar med eit sprang på høgrefoten, og paret sviv til guten slepper jenta og går ut att i utgangsposisjon. Snuen byrjar på motsett fot samanlikna med Hallingspringaren.