Valentigney er ein kommune i departementet Doubs i regionen Bourgogne-Franche-Comté i Aust-Frankrike. Kommunen ligg i kantonen Valentigney som tilhøyrar arrondissementet Montbéliard. I 2017 hadde han 10 714 innbyggjarar.

Valentigney
Rådhuset i Valentigney
Rådhuset i Valentigney
Rådhuset i Valentigney
Byvåpenet til Valentigney
Byvåpenet til Valentigney
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bourgogne-Franche-Comté
Doubs
Geografi
Flatevidd 9,74 km²
Flatevidd
 - By

9,74 km²
Innbyggjarar
 - By (2017)
   - folketettleik

10 714
  1 100/km²
Koordinatar 47°27′45″N 06°49′56″E / 47.46250°N 6.83222°E / 47.46250; 6.83222
Høgd over havet 356-548 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 25700
Heimeside: https://www.ville-valentigney.fr
Plassering
Valentigney is located in

Valentigney er best kjent som staden der Peugeot starta verksemda si. Byen er eit knutepunkt for utviklinga av fransk bilindustri (fleire medlemmer av Peugeot-familien bur framleis i område) og flyindustri (med Étienne Œhmichen).

I løpet av 1800-talet og tidleg på 1900-talet emigrerte mange frå Valentigney og nærliggande område, som Montbéliard til Nordvest-Ohio, spesielt Williams County.[1]

Namnet Valentigney [valɑ̃tiˈɲe:] kjem frå førenamnet Valentin og suffikset -ey og er skrive som valentinié i eit manuskript frå 1135 ved klosteret Belchamp.[2]

Innbyggjarane vert på fransk kalla Boroillots[3][a] kalla opp etter dei spesielle små fata eller tønnene, boroilles, som vart produserte lokalt.

Merknadar

endre
  1. Uttalt [bɔʁɔjɔ]

Kjelder

endre
  1. «Louis Frédérick LOUYS : Family tree by grandhaye - Geneanet» (på engelsk). geneanet.org. Henta 30. november 2020. 
  2. Collectif. Patrimoine des communes du Doubs, 2 volumes. Flohic. ISBN 9782842340872.  [«Le nom de ' Valentinié ' apparaît en 1135 dans un manuscrit de l'abbaye de Belchamp.»]
  3. «Gentilé sur le site habitants.fr». .