Valerij Kharlamov

Valerij Borisovitsj Kharlamov (14. januar 194827. august 1981) var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva som i tida 1969-79 vann åtte VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey. Han og kona hans omkom i ei trafikkulukke ved Solnetsjnogorsk.

Valerij Kharlamov


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 14. januar 1948
Moskva
Død

27. august 1981 (33 år)
Solnechnogorsky District

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1972

Utmerkingar

Arbeidets røde fanes orden, Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen, Hockey Hall of Fame, Medaljen til minne om 100-årsdagen for Vladimir Iljitsj Lenin, Det internasjonale ishockeyforbundets Hall of Fame, Medal "For Impeccable Service", 3rd class

Venstrevengen Kharlamov spelte på CSKA Moskva frå 1967 til han døydde. Med laget til sovjet-hæren vart han sovjetmeister heile elleve gongar. Frå 1969 til 1980 deltok Kharlamov i samtlege verdsmeisterskap og olympiske vinterleikar på Sovjetunionens dominerande ishockeylandslag og fekk medalje i alle 14 turneringane (10-3-1). Han vart verdsmeister 1969-71, 1973-75 og 1978-79 og olympisk gullmedaljør i 1972 så vel som i 1976.

Kjelder endre