Valerij Vasiljev

Valerij Ivanovitsj Vasiljev (3. august 194919. april 2012) var ein russisk ishockeyspelar frå Volkhov som deltok på Sovjetunionen sitt landslag i 13 år. Med Sovjetunionen vann forsvarsspelaren Vasiljev ni VM-gull og to OL-gull i tida 1970-82.

Valerij Vasiljev
Valeri Vasilyev Panini 1979.jpg
Fødd 3. august 1949
Volkhovo
Død

19. april 2012 (62 år)
Moskva

Yrke ishockeyspelar

Vasiljev spelte opphavleg på Torpedo Gorkij. I 1967 vart han overført til Dynamo Moskva og spelte for laget i den sovjetiske ishockeyserien fram til 1984. Sidan CSKA Moskva på den tida dominerte den innanlandske ishockeyen, vart han aldri seriemeister.

Frå Ishockey-VM 1970 deltok Vasiljev i nær samtlege meisterskaps-turneringar med det sovjetiske ishockeylandslaget i åra fram til 1982, delvis som lagkaptein. Både i 1973, 1977 og 1979 vart han kåra til den beste forsvarsspelaren i verdsmeisterskapen, og kom elles med på All Star Team i 1975 og 1981.

MerittarEndra

  • Gullmedalje i VM: 1970, 1973, 1974, 1975, 1878, 1979, 1980, 1981 og 1982 med Sovjetunionen
  • Gullmedalje i Vinter-OL: 1972 og 1976 med Sovjetunionen
  • Sølvmedalje i VM: 1972 og 1976 med Sovjetunionen
  • Sølvmedalje i Vinter-OL: 1980 med Sovjetunionen
  • Bronsemedalje i VM: 1977 med Sovjetunionen

KjelderEndra