Valfjorden i Sortland
fjord i Sortland i Nordland
68°42′05″N 15°09′39″E / 68.70139°N 15.16083°E Valfjorden er ein fjordarm av Eidsfjorden i Sortland kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 2 km søraustover til grenda Oshaugen.
Fjorden har innløp gjennom sundet Straumen mellom Sildpollneset i vest og Holmen i aust. På sørsida av Sildpollneset går Pollbukta vestover til Sildpollen. Det ligg fleire grender langs fjorden. Valfjord ligg på nordaustsida, medan Straumsnes og Lahaugen ligg på sørvestsida. Ei anna vik på sørsvestsida er Sørbogen.
Riksveg 885 går langs begge sider av fjorden.