Vang Almenning er ein bygdeålmenning i Hamar kommune. Han er eigd av 374 gardbrukarar, og femner 221,9 km², noko som er om lag 64 % av arealet i kommunen. 68 km² av dette er freda. Ålmenningen startar ved Gåsbu skisenter, om lag 15 kilometer frå Hamar sentrum. Det høgste punktet er Raudfjellet, 910 meter over havet.

Det er fleire hytteområde på ålmenningen, mellom anna ved Brumund og Bringebu.

Vinterstid er det 25 mil preparerte skiløyper i området. Sommarstid kan ein nytte dei oppmerkte turløypene.

Andre nettstader endre

Denne artikkelen byggjer på «Vang Almenning» henta frå Wikipedia på bokmål 24. mai 2007.