Varaldsøy stavkyrkje

tidlegare stavkyrkje i Kvinnherad

Varaldsøy stavkyrkje var ei stavkyrkjeVaraldsøy i Kvinnherad i Hardanger, som vart riven på 1720-talet.

Varaldsøy stavkyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til gamle Varaldsøy stavkyrkje
Den gamle kyrkjestaden der stavkyrkja stod.
Foto: Roger Grimelid / Riksantikvaren

Historie endre

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Ei kyrkje på Varaldsøy er første gong nemnt i 1337, då ein "Jon prest i Varaldsøy" er nemnt i eit brev.[1] Kyrkja er nemnt for siste gong i 1722. Varaldsøy fekk ny kyrkje i 1729, og stavkyrkja må då truleg ha vore riven.[2]

Utsjånad endre

Ein rapport frå 1665 nemnte at kyrkja hadde svalgang både på nordsida og bak koret. Svalgangen må då truleg ha gått rundt heile kyrkja. I 1722 vart kyrkja skildra som ei stavkyrkje utan tårn, bordkledd og måla innvendig.[2]

Fotnotar endre

  1. "Jon prestr j Varalldzs ey". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 478. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum XI, 22
  2. 2,0 2,1 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 478

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre