Vardøger er etter norsk folketru eit varsel som går i førevegen for ein person. Ofte kan ein berre høyre vardøgeret, og det varslar om at personen som har vardøger er på veg. Det skal vere gode menneske som har vardøger. Trua på vardøger har ei viss utbreiing også i dag.


Etymologi endre

Vardøger kjem etter alt å døme av gammalnorsk *varðhygli, der første ledd er stammeforma av vǫrðr, som tyder «vaktar» eller «vaktmann», og der *-hygli er ei avleiing av hugr, som tydde 'hug, sinn, sjel, tanke, følgjeånd, vardøger' [1]. Det ser ut til at vǫrðr kunne brukast synonymt med hugr, og dermed blir *varðhygli smør på flesk, men det er det mykje av i språket.

Referansar endre

  1. Heide, Eldar, 2006: Gand, seid og åndevind. Dr. art.-avhandling, Universitetet i Bergen, s. 152: http://eldar-heide.net/