Opna hovudmenyen
Ein Volkswagen varebil.

Varebil er eit nyttekøyretøy med lasterom, utan sete bak førarsetet og med fastmontert skillevegg mellom forseta og lasterommet.

NoregEndra

Etter norsk lovgjeving er ein varebil ein bil med maksimum totalmasse på 3500 kg som ikkje har sete bak førarsetet og som i tillegg har fastmontert skiljevegg mellom forsetene og lasterommet[1]. Varerommet skal vera så stort at ei kasse minimum 140 cm lang, 90 cm brei og 105 cm høg passar inn. For å føra varebil krevst det førarkort klasse B, som for personbil.

I 2015 var det registrert 450 385 varebilar i Noreg.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra