Ein varmsektor er eit sektorforma område mellom ein varmfront og ein kaldfront.

Varmsektoren (dei raude pilene) er området mellom varmfronten (raud) og kaldfronten (blå)

I spissen på varmsektoren, oftast på nordsida på den nordlege halvkula, ligg eit lågtryk eller ein okklusjon. Varmlufta vert pressa opp av kaldlufta og det vert ofte danna skyer, yr og tåke. Eit typisk varmsektor vêr er mildvêr med skyer som heng lågt ned i fjellsida, med jamt yr store delar av dagen.

Det kan falle store nedbørmengder om varmsektoren vert løfta av fjell. Der skyene sprekk kan det ofte bli særs varmt på sommarstid, medan det om vinteren kan føre til strålingsavkjøling slik at det blir kaldt vêr òg inne i varmsektoren.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«varmsektor» i Store norske leksikon, snl.no.