Peder Pedersen Dagsgardsødegård (17826. august 1846)[1]), ogso kjend som «Vass-Per», var ein oppfinnsam norsk bonde frå Skjåk, som var ein ekspert i å finne dei beste plassane for vassvegane i distriktet.

Vass-Per
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1782
Død

6. august 1846 (64 år)

Yrke oppfinnar

Sidan Skjåk har svært låg nedbørsmengd, gjerne so lite som 300 mm i året, er kunstige vatningssystem heilt nødvendig for å kunne drive jordbruk i bygda. I Skjåk aleine er det registrert om lag 300 km med kunstige vassvegar for å forsyne gardane med vatn. Vassvegen går heilt opp til brekanten der smeltevatnet samlast i ein «tepping» (dam), sidan bekkane som fraktar smeltevatn ned til gardane raskt tørkar opp.

Ein slik vassveg, Bordvassvegen i Lom, vart bygd av Dagsgardsødegård og sonen hans. Kontrakten vart signert 1. april 1833, og lova Dagsgardsødegård 200 speciedalar om han klarte å skaffe vatn. Bordvassvegen er eit spesielt imponerande arbeid, for han startar 1450 meter over havet og endar ved 450 meter over havet, den har altso eit fall på 1000 meter. Dagsgardsødegård måtte ogso forsikre at nok vatn kom fram, men ogso at det ikkje kom for mykje vatn, som ville føre til for mykje vatn i åkrane. Bordvassvegen vart sist gong brukt i 1986, og i dag blir stigen langs vassvegen anbefalt som turstig.[2]

Vass-Per døydde på Dagsgardsødegård i Skjåk i 1846. I ettertid har han fått æra for mange vassvegar som han ikkje har laga. Noko han faktisk gjorde var å finne opp eit niveleringsverkty (vatervåg) for å finne ut kva for ein kant neste bakke hella. Han er ogso ein av fleire som har fått êra for å ha utvikla eller vidareutvikla den lomske såmaskina.

Øyberget kraftverk vart opna i 2005, handla eit av innslaga under opningsarrangementet om Dagsgardsødegård og nivelering.[3]

Tilsvarande nivelleringsresultat kan ein finne på den portugisiske øya Madeira, der nedbøren vert leia langs fjellsidane i sokalte llevadas. Desse er gjerne kombinerte med ein gangveg, og består av vassveiter (renner) med eit fall på ein meter for kvar kilometer. Llevadaane er fleire hundre år gamle, og vert haldne vedlike ogso i dag, forutan at enkelte vegar utgjer populære turløyper.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Jfr Lom ministerialbok nr. 6B, 1837-1863, s. 449.
  2. visitLom.com. «Bordvassvegen i Lom» (PDF). Henta 12. august 2008. 
  3. Morten Kielland (17. juni 2005). «Endre Skjåk og Ingen Møller». Henta 12. august 2008.