Vassbakkels er ein type bakverk laga med mjøl, smør, egg og vatn.[1][2] Dei blir ofte serverte med kremfyll, eller med smelta sjokolade.[1][2]

Vassbakkels (engelsk choux pastry buns)

Ein lagar bakkelsdeig ved å koka opp vatn og smør saman. Deretter tilsett ein mjøl og så eitt og eitt egg. Deigen blir steikt til små bollar i omn, utan å opna omsndøra under steiking, ettersom dette kan gjera at dei fell saman.[1]

Sidan vassbakkels ikkje er tilsett sukker, kan ein bruka dei både som søte kaker med til dømes krem eller syltetøy, eller som eit lite måltid med t.d. rekesalat som fyll.

I Danmark blir vassbakkelsdeig mellom anna brukt til å laga kagemand til fødselsdag nokre stader. Vassbakkelsen blir fordelt i eit tynt lag på ei bakeplate forma som ein gut eller ei jenta og pynta med glasur og godteri.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Vannbakkels», www.matprat.no (på norsk), henta 4. juni 2019 
  2. 2,0 2,1 «vannbakkels - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 4. juni 2019