Veien Frem var eit antifascistisk tidsskrift starta av Nordahl Grieg i februar 1936 . Tidsskriftet fekk ei forholdsvis kort levetid. Det kom med åtte utgåver i 1936 og åtte utgåver i 1937. Eit utval av artiklar frå Veien Frem ved Odd Hølaas vart utgjevne i 1947.

I artikkelen «Dramaet i Moskva» (februar 1937) angreip Grieg åtte norske forfattarar som kritiserte Moskvaprosessane. Grieg hadde fått med seg fleire kjende personar då han starta tidsskriftet, men etter at tidsskriftet framstod med ein tydeleg stalinistisk profil i samband med diskusjonen om Moskvaprosessene, fall dei fleste frå. Diktet «Sprinterne» vart òg publisert her.

KjelderEndra