Veleka
Veleka (bulgarsk Велека) er ei elv i søraustlege delar av Bulgaria og nordaust i den europeiske delen av Tyrkia. Ho er 147 km lang, der 123 km renn i Bulgaria, og har sitt utspring i fleire karstkjelder i den tyrkiske delen av fjellet Strandzja (İstranca) og munnar ut i Svartehavet ved den bulgarske landsbyen Sinemorets.
Veleka | |||
elv | |||
Veleka
| |||
Land | Bulgaria, Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 995 km² | ||
Lengd | 147 km | ||
Kjelde | Fjellet Strandzja | ||
- stad | Tyrkia | ||
• høgd | 710 moh. | ||
Munning | Svartehavet | ||
- stad | Sinemorets, Bulgaria | ||
- koordinatar | 42°2′5″N 27°41′44″E / 42.03472°N 27.69556°E | ||
Veleka 42°04′10″N 27°58′06″E / 42.069444444444°N 27.968333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Veleka |
Nær kjelda er elva frå 8 til 10 meter brei, og har eit djup på 2 til 4 meter. Ved munningen er Veleka 50 meter brei og opp til 7-8 meter djup.
Området nær Veleka har rikt dyre- og planteliv, med meir enn 30 artar av ferskvassfisk, der den viktigaste er årbuk. Fem utryddingstrua dyreartar held til i elva, i tillegg til fleire regionalt viktige planteartar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Veleka» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2007.