Veluwe er ein skogkledd region i provinsen Gelderland i Nederland. Veluwe har mange forskjellige landskap, frå skogområde, lyngheiar, nokre små innsjøar og nokre av dei største sanddynene i Europa. Veluwe er den største morenen i Nederland og strekker seg 60 km frå nord til sør og når ei høgd på opp mot 110 meter over havet.

Ein skog i Veluwe

Opphavleg var Veluwe omgjeve av myrområde, men desse har vorte drenert. Sidan 1990-åra har det vore framlagt planar om å gjenopprette desse våtmarkene ved å blokkere dreneringssystem som vart bygd av bønder i løpet av dei siste 150 åra.

Midt i det sørlege Veluwe ligg nasjonalparken Nationaal Park De Hoge Veluwe med eit areal på 50 km². Lenger aust ligg nasjonalparken Veluwezoom som òg har ein storleik på 50 km². Det er planar om å gjere heile Veluwe om til ein einaste stor nasjonalpark.

Byar endre

Det er 21 byar i Veluwe: Apeldoorn, Arnhem, Barneveld, Brummen, Ede, Elburg, Epe, Ermelo, Harderwijk, Hattem, Heerde, Nijkerk, Nunspeet, Oldebroek, Putten, Renkum, Rheden, Rozendaal, Scherpenzeel, Voorst og Wageningen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre