Venera 7 var ein sovjetisk romsonde til Venus og vart skoten opp 17. august 1970. Målet til sonden var å senda attende data frå atmosfæren til Venus, landa på yta til planeten og halda fram med å senda attende data. Venera 7 vart det fyrste romfartøyet til å senda data attende etter å ha landa på yta til ein annan planet.

Venera 7 var éin av to identiske romsondar, men den andre, Cosmos 359, gjekk aldri ut av jordbanen sin.

Landaren til Venera 7 gjekk inn i atmosfæren til Venus den 15. desember 1970 på nattsida til planeten. Før dette hadde landaren fått kjølt seg ned til -8 °C. Han landa med ein fart på 17 m/s etter at fallskjermen hadde rivna. Signalet til landaren var veikt etter landing, og det er mogeleg at han hadde gjort eit hopp og landa på sida slik at antenna ikkje var retta mot jorda.

Trykkmålaren til landaren slutta å fungera under landinga, men temperaturmålaren viste ein stødig temperatur på 475 °C ved yta; og eit trykk på 92 jordatmosfærar og ein vind på 2,5 m/s vart ekstrapolert frå andre målingar.

Kjelder endre