Verdsmeisterskapen i sjakk 1910 (Lasker-Janowski)
Emanuel Lasker møtte David Janowski i den andre verdsmeisterskapen i sjakk i 1910. Tvikampen blei spela mellom 8. november og 8. desember 1910 i Berlin.
Bakgrunn
endreLasker og Janowski spelte to vennskapskampar i 1909, der den første enda uavgjort (+2 -2) og den andre blei vunnen av Lasker med (+7 =2 -1). Denne lengste kampen i 1909 har ofte blitt kalla for ein verdsmeisterkamp,[1] men ifølgje Edward Winter var det ikkje ein tittelkamp.[2]
Resultat
endreDen av partane som først vann åtte parti, ville bli verdsmeister. Lasker forsvarte tittelen, heilt overlegent, med 8 sigrar, tre remisar og ingen tap.
Verdsmeisterskapen 1910 Nasjon 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 Sigrar Emanuel Lasker Det tyske riket 1 = = 1 1 = 1 1 1 1 1 8 David Janowski Frankrike 0 = = 0 0 = 0 0 0 0 0 0
Bakgrunnsstoff
endre- Verdsmeisterskapen i sjakk 1910 (Lasker-Janowski) hos chessgames.com, med partia, vitja 17. august 2011
- 1910 World Chess Championship hos Graeme Cree sine sjakksider
Fotnotar
endre- ↑ til dømes: From Morphy to Fischer, Israel Horowitz, Batsford 1973, s. 64; The Centenary Match - Kasparov-Karpov III, Raymond Keene og David Goodman, Batsford 1986
- ↑ Winter, Edward. «5199. Lasker v Janowsky, Paris, 1909». chesshistory.com (på engelsk). Henta 28. desember 2009. «c) «Not a single contemporary magazine has been found that suggests the match was for the world crown.»»