Verdsmeisterskapen i sjakk 1958

Verdsmeisterskapen i sjakk 1958 vart spela mellom Mikhail Botvinnik og Vasilij Smyslov i Moskva frå 4. mars til 9. mai 1958. Smyslov hadde vunne tvikampen om verdsmeisterskapen i sjakk 1957 mot då regjerande meister Botvinnik. Og etter dei reglane som gjaldt då, hadde Botvinnik rett til ein returkamp året etterpå.

Resultat endre

Kampen vart spela over 24 parti. Viss den enda uavgjort 12-12 etter 24 parti, ville Smyslov behalde tittelen. Men Botvinnik vann tvikampen, og tok tilbake verdsmeister-tittelen.

Verdsmeisterskapen i sjakk 1958
Nasjon 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 Poeng
Mikhail Botvinnik   Sovjetunionen 1 1 1 ½ 0 1 ½ ½ ½ ½ 0 1 ½ 1 0 ½ ½ 1 0 ½ ½ 0 ½ 12½
Vasilij Smyslov   Sovjetunionen 0 0 0 ½ 1 0 ½ ½ ½ ½ 1 0 ½ 0 1 ½ ½ 0 1 ½ ½ 1 ½ 10½


Bakgrunnsstoff endre