Opna hovudmenyen
Ivan Ropet sin rusisske paviljong

Verdsutstillinga i Paris i 1878, (Exposition Universelle) var den tredje offisielle verdsutstillinga som vart halden i Paris. Ho vart halden frå 1. mai til 10. november 1878. Utstillinga feira Frankrike si attreising etter nederlaget i Den fransk-prøyssiske krigen i 1870.

Bygningane på utstillingsområda stod uferdige på opningsdagen sidan den franske regjeringa hadde hatt politiske problem og ikkje hatt særleg tid til utstillinga. Det vart sett inn sterke krefter i arbeidet med ferdigstillinga, og 1. juni var bygningane til utstillinga endeleg ferdigbygde.

Utstillinga var mykje større enn nokon anna utstilling som hadde vorte halden tidlegare. Ho dekte eit areal på 267 km² og hovudbygningen på Marsmarka dekte eit areal på 219 km². Dei franske utstillarane tok opp halvparten av utstillingsplassen, medan resten var delt mellom dei attverande deltakarlanda. Tyskland var den einaste store nasjonen som ikkje deltok i utstillinga.

For høvet var det installert 64 av Pavel Jablotsjkov sine elektriske bogelamper som lyste opp halve Avenue de l'Opéra, Place du Théâtre-Français (dagens Place André-Malraux) og Place de l'Opéra. Lampene vart drivne av Zénobe Gramme-dynamoar.

Over 13 millionar gjester vitja utstillinga, noko som gjorde henne til ein finansiell suksess.

KjelderEndra