Verksemd
betegnelser for en juridisk person eller en organisasjon som produserer varer eller tjenester
Ei verksemd er ein organisasjon som produserer varer eller leverer tenester. Ein skil mellom privat verksemd og offentleg verksemd. Privat verksemd blir drive forretningsmessig ved at den sel varer eller tenester på marknaden. Offentleg verksemd kan òg drivast forretningsmessig (statsbedrift eller annan offentleg eigd bedrift), men vil oftast vere ikkje-kommersiell og finansiert gjennom skatter eller avgifter.
Ei verksemd kan drivast i mange former, så som selskap eller enkeltpersonføretak. Det økonomiske omfanget av ei verksemd kan vere frå det heilt minimale ned mot grensa for hobby og den kan vere eit multinasjonalt føretak. Ei verksemd kan vere utan tilsette, bestå av berre ein person, eller ha mange tusen tilsette.