Vesten

(Omdirigert frå Vestleg)
Sjå òg retninga vest eller klesplagget vest

Vesten eller den vestlege verda er eit samleomgrep som opphavleg viser til ein del av verda som ligg «i vest» i høve til ein europeisk ståstad, til motsats frå Austen. I moderne språkbruk omfattar omgrepet òg land som har vore industrialiserte lenge og ikkje har vore kommunistisk styrte.

Ortelius sitt verdskart frå 1570 følgjer den tradisjonelle europeiske framstillinga av verda med Amerika til venstre, i «vest».
Kinesisk kart frå 1700-talet med Amerika til høgre, i «aust».

Omgrepet Vesten, som Oksidenten, viste opphavleg til området dekt av Vestromarriket.

I dag viser det hovudsakleg til land som har vore industrialiserte lenge og som ikkje har vore kommunistisk styrte. Dei aller fleste reknar Vest-Europa, USA, Canada, Australia og New Zealand med til Vesten. I andre samanhengar kan ein òg ta med område som Aust-Europa, Latin-Amerika og Israel.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Vesten

Kjelder endre

«Oksidenten» i Store norske leksikon, snl.no.