Den vestlege halvkula

(Omdirigert frå Vestlege halvkula)

Den vestlege halvkula er ei geopolitisk nemning på Amerika og dei tilhøyrande øyane og hava, eller det som også vert kalla «den nye verda». Det kjem av at det er den halvparten av jordkloden som ligg vest for Greenwich og nullmeridianen. Bruken har vorte forandra, slik at når ein i dag snakkar om den vestlege halvkula tyder det generelt sett det amerikanske kontinentet medrekna dei nærliggjande øyane, Karibia og Grønland, men utelukkar andre territorium innanfor halvkula, som delar av Afrika, Europa, Antarktis og Asia. I navigasjon, derimot, omfattar «den vestlege halvkule» heile halvkula.

Den geografiske vestlege halvkula er markert med gult.
Den vestlege halvkula.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre