Vestre Slidre prestegard
prestegard i Vestre Slidre
Vestre Slidre prestegard (gnr. 42[1]) ligg nordvest for Vestre Slidre kyrkje (ofte kalla Slidredomen).
Vestre Slidre prestegard | |||
| |||
Foto: Lars Hauglid/Riksantikvaren | |||
Vestre Slidre prestegard 61°05′29″N 8°58′41″E / 61.091312°N 8.977934°E |
---|
Det har vore prestegard ved sida av kyrkja sidan mellomalderen. Dagens hovudbygning er oppført i 1816–18. Det er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel og saltak. Stilen er empire. På tunet står òg eit stabbur som ein trur er oppført på 1600-talet. Det er lafta og har open sval i begge etasjane.
Både hovudbygning og stabbur er freda.
Kjelder
endre- Gunnar Birkeland; Sigrunn Nerdal, red. (2015). «165 Vestre Slidre prestegard». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 139–140.
Fotnotar
endre- ↑ Liste over gårder i Vestre Slidre i Wikipedia på bokmål/riksmål.
Bakgrunnsstoff
endre- Opplysningsvesenets fond: Vestre Slidre prestebolig
- Vestre Slidre prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren