Victoria Terrasse på Bouvetøya
Victoria Terrasse er ei li langs nordaustkysten av den norske Bouvetøya i Sør-Atlanteren. Ho startar ved Kapp Lollo og Mokollen heilt aust på øya, og strekkjer seg langs kysten 3,9 km nordvestover til området der kysten svingar vestover mot Kapp Valdivia. I motsetnad til dei andre kyststrekningane på Bouvetøya har ikkje kysten nedanfor Victoria Terrasse fått eit eige namn.
Victoria Terrasse på Bouvetøya | |||
li | |||
Land | Bouvetøya | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 54°24′05″S 3°24′20″E / 54.401496°S 3.405609°E | ||
Victoria Terrasse på Bouvetøya 54°23′50″S 3°24′05″E / 54.39722°S 3.40139°E | |||
Kart som viser Victoria Terrasse på Bouvetøya.
|
Lia har namn etter bygningskomplekset Victoria Terrasse i Oslo.[1]
Ole Høilandstøtta står i havet like utanfor kysten av Victoria Terrasse.
Kjelder
endre- ↑ «Place names in Norwegian polar areas», stadnamn.npolar.no (på engelsk), henta 25. mai 2022
«Stadnamn i norske polarområde». Norsk Polarinstitutt. Henta 12. desember 2012.