Villefranche-sur-Saône

Villefranche-sur-Saône
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Auvergne-Rhône-Alpes
Rhône
Grunnlagd 1212
Geografi
Flatevidd 9,48 km²
Flatevidd
 - By

9,48 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

30 647
  3 233/km²
Koordinatar 45°59′″N 04°43′″EKoordinatar: 45°59′″N 04°43′″E
Høgd over havet 191 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 69400

Villefranche-sur-Saône (Velafranchefrankoprovensalsk) er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Rhône i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og har om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg 1,5 km vest for elva Saône. Innbyggjarane i byen vert på fransk kalla Caladoise(s) (kvinner) og Caladois (menn).

Dei populære franske songarane Coralie Clément og Benjamin Biolay var fødd i Villefranche-sur-Saône.

Historie endre

Villefranche-sur-Saône vart grunnlagd i 1212 av Guichard IV, greve av Beaujeu og vart på 1300-talet hovudstad i provinsen Beaujolais. Han vart omleira tre gonger på 1400- og 1500-talet. Bymurane vart rive ned tidleg på 1800-talet.

Økonomi endre

Av industri i byen finn ein vinproduksjon, metallurgi, tekstilar og kjemikaliar.