Vindfang
Vindfang er eit lite gjennomgangsrom i tilknyting til inngangsdøra til eit hus. Føremålet er å redusera varmetapet i huset, eller som ordet seier, hindra vinden å blåsa rett inn i bygningen. Rommet fungerer med andre ord som ei sluse og reduserer samstundes òg mengda skit og fukt som vert teke med inn i huset.
Eit bislag utanfor inngangsdøra kan ha veggar og vera heilt innebygd, og dermed ha omtrent same funksjon som eit vindfang.
Innan sjøfart vert vindfang òg nytta som eit annan namn på segl.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vindfang» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2020.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Gunnarsjaa, Arne (1999). Arkitekturleksikon. Oslo: Abstrakt. s. 19. ISBN 8279350071.