Vingardssundagen
Vingardssundagen, før kalla septuagesima, av latin, 'den syttiande dagen', er i Den norske kyrkja den tredje siste sundagen i openberringstida (tida mellom jul og faste). Før liturgirevisjonen 1977/78 var septuagesima den niande sundagen før påske, eller den andre sundagen før fastelavn.
Dagen vert kalla «vingardssundagen» fordi evangeliet som vert lese i kyrkja, er henta frå forteljingane om dei som arbeider i vingarden.
Kjelder
endre- Nils Johan Stoa og Per-Øivind Sandberg: Våre røtter Cappelen 2001 ISBN 82-02-20848-3
- Paul Erik Wirgenes: Fra søndag til søndag Verbum Forlag 2006 ISBN 87-543-1068-8
- Norsk Allkunnebok