Vinkfjorden

fjord i Steigen i Nordland

Koordinatar: 67°43′22.746″N 15°24′47.275″E

Vinkfjorden (samisk Fánnká) er ein fjordarm av Nordfolda i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 10 km søraustover til garden Vinkfjorden i botn av fjorden. Fjorden har ein fjordarm, Stavfjorden, og den totale lengda inn til botn av denne fjorden er 14 km.

Flyfoto av Nordfolda sett frå aust. Vinkfjorden er den nest lengste av fjordarmane som går mot aust (ned på biletet)

Fjorden har innløp mellom Vinknesskjera i sørvest og Småvikneset i nordaust. Det ligg nokre isolerte gardsbruk på sørsida av fjorden, som Helldal og Sandbakken, og desse har vegsamband mellom seg. Nordaust for Sandbakken går Stavfjorden austover.